Friday, March 06, 2009

Tørketid

Dette er ein arbeidsledig blogg. Bloggaren har planar om at bloggen skal få meir å gjera framover, men bloggaren er usikker på korleis dette skal gå. Sidan sist har bloggaren begynt å betale skatt til Bærum, og ho har også lært seg litt spansk. Det kan vera naudsynt å fundere litt over desse tinga framover.

Friday, February 08, 2008

Fjesboka, fjaseboka osv osv

Fjaseboka har teke over all energien eg hadde til å skrive blogginnlegg, så nå driv eg heller og fjasar i staden for å filosofere og reflektere over dei uransaklege vegane i livet. I dag tok eg meg sjølv i å tenkje, medan eg skreiv ei tekstmelding (altså ein god, gamaldags SMS), at alle kunne lesa kva eg skreiv, fordi skriving på andre sin vegg på fjaseboka har vorte ein innarbeidd aktivitet. Dette er skummelt, og eit teikn på at denne boka tek for mykje plass. Eg må sporenstreks få meg ein ny hobby, og det skal vera ein hobby som ikkje har noko med intern-nettet å gjera i det heile tatt. Hobbyar eg ønskjer meg er: elvepadling, slik at eg kan bli ekstrem; cellospeling, slik at eg kan sitja med lang, flagrande kjole i ein stor konsertsal og sjå mystisk ut; skikøyring, slik at eg kan gå rundt med kule klede og vera ekstrem; fjellvandring, slik at eg kan vera ekstrem; selskapsdans, slik at eg kan danse rundt med lang, flagrande kjole i ein stor sal, og andre aktivitetar som anten inneber stor grad av ekstremitet eller høg og flagrande kjoleføring. Når eg har skaffa meg ein av desse hobbyane, kan eg legge ut skrytebilete av meg sjølv på facern, slik at alle får sjå kor ekstrem og flagrande eg er. Je!

Thursday, July 12, 2007

Nytt hår - nye moglegheiter

I dag har eg fått nytt hår. Heilt nytt og nesten ubrukt. Eg måtte kjøpe nokon andre sitt hår, sidan eg ikkje hadde så veldig mykje sjølv. Nå har eg fått limt på ein hårtust midt på hovudet, og det ser heilt ekte ut. Det er ikkje akkurat som gamaldags tupé, eg er rett og slett ganske imponert over kva dei får til for tida.

Dagen starta kl. 07.55 på Apollo hårsenter i Vika. Først var det sminking, sidan bileta av meg skal brukast på nettsida deira. Deretter vart det hårvask, før håret eg hadde på øvst på hovudet vart barbert vekk. Eg hadde grudd meg til akkurat dette på førehand, men det gjekk veldig bra og var mest komisk, sidan eg plutseleg såg ut som ein middelaldermunk. Dette er noko eg må bli vant til, sidan det skal gjerast omtrent ein gong i månaden så lenge eg brukar hårerstatning.

Etter kvart kom det både journalist og fotograf frå eit vekeblad som skal lage reportasje om håravfall. Dei tok bilete og intervjua meg, og eg kjende meg reint som ei stor stjerne. Etter barberinga vart det nye erstatningshåret limt på, og til slutt vart det klypt til og "blanda" med mitt eige hår for at det skal sjå mest mogleg naturleg ut. Farga var iallfall den same; kledeleg kommunegrå er vel den rette karakteristikken både på det gamle og det nye håret.

Nå skal eg gå med dette ein månad, før eg skal inn til den nye, faste frisøren min for å barbere av og lime på nytt igjen. Og sånn går no dagan. Billig er det ikkje, men når eg tenkjer på alle pengane eg sparer på å ikkje røykje og køyre bil, så blir eg ikkje så veldig stressa. Berre litt.

Nå blir det spennande å sjå korleis håret ser ut i morgon tidleg etter at eg har sove på det ei natt, korleis det vil sjå ut når det blir vått, når det bles, når eg har gått med lue ein heil dag og når det er fullt av snø. Det blir også spennande å møte vennar, kollegaer og elevar, å sjå kva reaksjonane vil bli. Nokon vil kanskje ikkje legge merkje til at håret mitt har endra seg, nokon vil kanskje sjå det men ikkje seie noko, og nokon vil kanskje spørje om eg har klypt meg. Uansett skal det bli artig å bli kjend med dette nye håret, og det blir morosamt å sjå om eg blir ein ny og betre person av dette eller om endringar utanpå ikkje har så mykje å seie for det som er inni.

Fotografar eg mor og meg.

Monday, June 04, 2007

Sidemålsopplæring

Eg har nettopp innsett at eg er imot obligatorisk sidemålsopplæring. Eg trur ikkje det er vegen å gå for å redde nynorsken, dersom det er målet. Eg ser ikkje for meg at elevar endrar hovudmål frå bokmål til nynorsk etter å ha lært nynorsk. Eg trur heller det som blir oppfatta som tvang i skulen verkar negativt for nynorsken. Ei viktigare sak er å få nynorskelevar til å fortsetja å skrive nynorsk etter at dei er ferdige på skulen, og å få folk som har nynorsknære dialektar til å skrive nynorsk. Kvifor i alle dagar er heimesida til Kristindagane i Sel på bokmål? Og kvifor er store delar av avisa Gudbrandsdølen Dagningen skrivi på bokmål? Og kvifor endra eg hovudmålet mitt frå nynorsk til bokmål då eg begynte på vidaregåande? Dette trur eg er viktigare saker å jobbe for enn å tvihalde på sidemålsopplæringa i skulen. Hadde eg orka, så skulle eg verkeleg ha engasjert meg for dette. Men eg orkar vel ikkje.

Tuesday, April 03, 2007

Forvirrande framtidsplanar

Nå har eg søkt på ein jobb i Gudbrandsdalen, ein i Bærum og ein i Frankrike. Eg vurderer å søkje på ein jobb i Vestvågøy, i tillegg til at eg har søkt på eit årsstudium ved Universitetet i Oslo. Kort sagt så veit eg ikkje heilt kva eg skal gjera til hausten, eller kor eg skal vera. Det minner om den hausten eg grubla over om eg skulle vera i Trondheim, Guatemala eller Sør-Korea etter jul, og plutseleg havna i Oslo fordi skjebna sendte meg dit. Eg ventar på skjebna nå også, men ho har ikkje glimra med nærleiken sin enno, dessverre. I mellomtida gjer eg Wergeland sine kloke ord til mine: "Fat ei Mistillid til dig selv, og endnu mindre til det Forsyn i hvis Hænder din Skjæbne er nedlagt."

Sunday, March 18, 2007

Søndagsvasking

Kristin (lenke finst i høgre marg) meiner at torsdag og søndag er dei beste dagane for klesvask. Etter å ha lese blogposten hennar med skepsis, har eg etter kvart funne ut at eg i flesteparten av tilfella vaskar klede på søndagar. Eg som trudde eg var så impulsiv og lettvinn. Etter at eg flytta frå mikroskopisk hybel på Alex Kiellis plass til Toyen, har eg gått over frå å ha døgnopen tilgang på vaskemaskin (likevel har eg brukt søndagane flittig) til å måtte skrive 39 på ei tavle når eg får lyst til å vaske. Denne vaskinga må altså planleggast. I utgangspunktet tenkte eg "ha-ha, det er da berre å planlegge vasking annankvar søndag". Men det har burettslaget sett ein effektiv stoppar for, nemleg ved å halde vaskerommet stengt på søndagar. Så da sit eg der med skjegget og postkassa og alt det sure graset, og må finne meg ein annan vaskedag. Slike ting skapar rot i systemet for allereie stressa norsklærar. Bærbar vaskemaskin blir motteke med ovasjonar.

Tuesday, March 13, 2007

Ferieblogg?

Dette ser ut til å bli ein ferieblogg. Etter at norsklærar in spe vart norsklærar, har tida til blogging og andre trivielle ting forsvunne. Synd men sant. Sidan norsklæraren heller ikkje har intern-nett heime i stugun, så går heile bloggen åt skogen. Men kanskje blir det ei litt lenger utgreiing snart, sidan påskeferien (med trykk på e nr. 2) nærmar seg med raske steg.