Tuesday, February 20, 2007

Å dra alle gjennom ein kam

Dersom ein søkjer på "alle * en kam" i Google, vil ein få opp alle variantane folk klarer å finne på av det vanskelege uttrykket "å skjære alle over ein kam". Kan anbefalast! Ein annan nerdeting som er artig, er å lage ei liste over fine og morosame orddelingsfeil. Det aller beste er faktisk å ha ei slik fin liste, og kunne bruke henne i undervisning. Snakk om å kunne leva av hobbyen sin!

5 Comments:

Anonymous Anonymous said...

ein lektor eg kjennar godt kan bidra med følgande misforståingar frå elevar i den videregåande skolen:

"ein kan ikkje gjera alle til laks"

"ein ond sirkel er ein sirkel prega av alkoholisme og prostitusjon"

"å ta problemet ved grasrota"

skulle av og til ønske eg var lærar og, må vera komisk å lesa utsagn som dette..

9:42 PM  
Anonymous Anonymous said...

faen, klarte sjølvsagt å skrive feil sjølv.. det manglar eit komma gitt. reknar med du allereie har hengt deg opp i det ;)

9:45 PM  
Blogger Tony said...

Yo! www.amo.no kjenner du nok til. Der er det jo mange døme :) Eg vonar alt er berre bra med deg, og at du trivst med lektorjobben! Endeleg lektorar!

2:05 PM  
Blogger Anita said...

Den perfekte språklærar! Godt du er tilbake i bloggarverda, Elga! Auguri!

3:54 AM  
Blogger Helga said...

Eg er sjølvsagt medlem i Astronomer mot orddeling, noko eg har vore ei god stund. Her om dagen tipsa eg ein av elevane mine om denne sida, sidan eg heile tida mobbar han for alle orddelingsfeila hans. Det er ein godt vaksen elev som ikkje har noko imot å bli mobba. Sjølvsagt hadde eg ikkje mobba elles.

Det er heilt ypperleg å vera lektor, Tony! Her om dagen sa ein av elevane mine at eg hadde kul klokke. Da følte eg meg brått veldig kul.

2:20 AM  

Post a Comment

<< Home