Thursday, December 28, 2006

Julekortløyse

I år har eg ikkje skrivi eit einaste julekort. Heller ikkje i fjor eller året før der eller året før der, trur eg. Forskjellen frå alle år før er at i år hadde eg ikkje ein gong planar om å skrive julekort. Eg innsåg rett og slett ikkje at jula var på veg før ho plutseleg kom over meg med full styrke. Det må nok bety at eg har vorte ei kjerring. Før i tida brukte eg å skrive julekort til heile klassa og læraren. Da var det ingen vits å skrive kva eg hadde gjort i året som gjekk, sidan vi i klassa stort sett hadde full kontroll på kva dei andre hadde drivi med omtrent kvar einaste dag heile året igjennom. Da gjekk det mest i "God jul og godt nyttår frå Helga" eller, dersom eg prøvde å vera kreativ: "Eg ønskjer deg ei hoppande god jul og eit sprettande godt nyttår". Artig og fantasifullt.

Nå om dagen er det mest vanleg å skrive kva familien har gjort i året som gjekk, kor mange utanlandsturar dei har vore på og kor langt ungane har kome i skulegangen. Sidan eg ikkje har ungar, må eg vel skrive kor langt foreldra mine har kome. Mor har på nytt starta i 4. klasse. Far er pensjonist. Dei har stort sett vore rolege i året som gjekk. God jul og godt nyttår.

Eigentleg burde ein vel seie nytt år eller berre år. Nyttår er vel berre fram til 2., til naud 3. januar, og så er nyttår slutt. Eg ønskjer deg ei god tid frå 24. desember til 3. januar, kan ein eigentleg seie da. Resten av året bryr det meg midt i ryggen korleis du har det. God jul og godt kornår eg også ei fin helsing å få, men ikkje så relevant for den som ikkje er kornbonde. God jul og godt år er fint, men kva for år er det eigentleg ein meiner da. Resten av året, kanskje? Det er nok best å vera så nøyaktig som mogleg, slik at det ikkje oppstår misforståingar i julehelsingane. Eg ønskjer deg alt godt for jula og at 2007 skal bli det beste året ditt hittil, både når det gjeld familieliv, jobb, reising, utdanning og andre artige ting. Hjarteleg helsing Helga. Da burde det ikkje bli misforstått.

6 Comments:

Blogger Anita said...

This comment has been removed by a blog administrator.

4:18 AM  
Blogger Anita said...

I år har eg, med eitt unnatak, berre fått julekort frå vener med barn, sjølv har eg berre skreve nokre sporadiske romjulsmail. Burde kanskje vore litt flinkare til å skrive julebrev, sjølv om vi er både mann og barnlaus, vi har vel eit liv det er verdt å fortelje venane våre om vi òg.

Du til dømes kunne fortalt om når du var ein lengre periode i utlandet, at du har blitt lektor og fått deg vaksen jobb! Det må jo telje for noko.

Det med bilete på julekortet kan vi kanskje droppe, eg har iallefall ikkje behov for å vise kor mykje eg har vakse i året som har gått...

4:20 AM  
Anonymous Anonymous said...

godt nyttår helga!
kanskje vi sjåast i løpet av året??

kozmoz :p

10:13 AM  
Blogger Helga said...

Godt nyttår, Plingvild! Vi må satse på å møtast i 2007! Eg er sjeldan i Trondheim, men kanskje du plutseleg får deg jobb i Oslo etter kvart? Eg blir nok her ei stund til, trur eg.

11:28 PM  
Anonymous Anonymous said...

eg skal ALDRI flytte til Oslo!!! eg er alt for rural.

neida, ein veit aldri. men eg har ikkje nokon umiddelbar plan om tigerstaden akkurat no iallefall. eg skal jo til vestlandet eg, veit du ;) men ting kan endre seg!

elles er du svært velkommen opp hit! og du skal ikkje sjå bort i frå at eg tar ein svipptur nedover heller.

me snakkast!!

9:17 AM  
Blogger Tony said...

plingvild: Det heiter vel strengt teke "vi sest"? ;)

4:11 AM  

Post a Comment

<< Home