Nerd

Det dumme er at i staden for å ringe heim til mor med ein gong (eller kanskje ikkje med ein gong, sidan klokka nærmar seg langt på natt midt i veka) og fortelje kva eg ønskjer meg til jul, så kjem eg heller til å gå til bokhandelen så fort eg vaknar i morgon, for å sikre meg eit prakteksemplar. Det er det dumme med å bli stor; pengane er der, ein treng ikkje spare til nokon ting. Iallfall ikkje til småting som ei lita, nusseleg ordbok med raude, blanke permar. Det er berre såvidt eg kan vente. Det finst vel ingen nattopne bokhandlar i Stor-Oslo?
2 Comments:
Helga, skal du begynne å jobbe som norsklærer? Har forresten vært og lånt masteravhandlingen din om passiv, gleder meg til å få tid til å lese den!
Hilsen Roma-Catharine
Eg skal bli norsklærar, ja. Det blir veldig spennande. Skulle gjerne hatt litt fransk også, men kanskje eg får det etter kvart.
Kos deg med passiv!
Post a Comment
<< Home