Saturday, September 30, 2006

Draumehuset

Eg ønskjer meg eit hus. Nå. Eg er redd for at eg skal gløyme kva eg ønskjer meg når den tid kjem at eg får råd til å kjøpe meg hus. Derfor må eg lage ei liste over kva huset skal innehalde og utehalde. Først og fremst vil eg ha eit hus med sjarm. Helst eit hus med sjarmerande tømmerstokkar. Minst 100 år gamalt. Over 50 iallfall. Tømmer er vel eigentleg eit må, men det kan eventuelt vera kledd utanpå. Da skal det i såfall vera sørlandskvitt med blaude konsonander, eller sjarmerande raudt med kvite karmar. Sval er viktig, der skal gummiskoa mine stå, og der kan eg setja att paraplyen og henge fjøskleda mine, dersom eg har nokon. Huset skal ha ei etasje og kvist med skråtak. Skråtak er så fint og idyllisk. Eg skal sjølvsagt ha eit idyllisk hus. Gjerne med ein liten balkong utanfor soverommet i andre etasje (altså kvisten) der eg kan gå ut i morgonkåpe og sjå på utsikten. Eg skal sjølvsagt ha utsikt, helst 360 grader mot både fjell og vatn, og lang solgang. Både morgonsol og kveldssol er viktig. Morgonsol på soverommet og kveldssol på verandaen. Badet skal vera stort og varmt, med både dusj og badekar, og kjøkenet skal vera fullt av ljos. Stua skal vera varm og triveleg, med god sofa og lenestol. Katten min skal ligge på ei pute i sofaen. Eg har ikkje heilt bestemt meg for om eg skal ha hund eller ikkje, men eg trur ikkje han får ligge i sofaen. Han må nok vera på vaskerommet. Den store hagen skal vera full av store syrinbuskar, plommetre og andre frukttre. Eg skal også ha eit lite uthus der eg kan parkere ein Fiat Cinquecento og den fine, gamle Vespaen eg skal kjøpe meg. Eg skal nok også ha ein hest i det uthuset, så det bør helst vera litt større enn ein skåle. Fleire krav til hus har eg vel eigentleg ikkje.

7 Comments:

Anonymous Anonymous said...

eg er forhåpentlegvis snart ferdigutdanna, så viss du mot formodning vil ha eit teikna, nytt hus, er det berre å ringe ;)

11:27 PM  
Blogger Helga said...

Hurra! Eg ringjer dersom eg ikkje finn eit gamalt tømrahus snart.

2:34 PM  
Blogger Anita said...

Eg trudde denne arkitækt´n, etter "så viss du mot formodning", skulle høyre om han kunne få del i denne draumen din!

8:02 AM  
Blogger Helga said...

Ja, det hadde vore triveleg, hadde det ikkje vore for at arkitækt'n er ei arkitektinne;-)

5:11 PM  
Anonymous Anonymous said...

arkitækt'n har respekt for at helga ønskjer seg eit tømrahus! og det er eg ikkje nokon ekspert på. men alt anna ;)

12:46 PM  
Anonymous Anonymous said...

E ska heille utsikt ette eit timmrahus åt de e, men e har sjølsagt eit begrensa geografisk umråde å sjå på............. høyres gudbrandsdalen bra ut?

12:33 PM  
Blogger Helga said...

Akkurat i dag høyrest Gudbrandsdal'n yppele ut! E vil heimat åt'n mor!

2:49 AM  

Post a Comment

<< Home