Sunday, September 10, 2006

Ørken, type stein

I helga har eg vore på tur med Fjellgruppa til Rondane. Det var ein fantastisk triveleg tur, 11 artige turkameratar, fint ver, og eg fekk nesten dobla rekka mi av 2000-meters toppar. Eg hadde tre frå før, og nå har eg fem. Begge to på ein dag, sidan vi måtte over Vinjeronden for å koma til Rondslottet. Men det som slår meg er: kva i alle dagar er det med desse Rondane? Det er da berre ei einaste stor steinrøys! Eg klarer ikkje heilt å bli sjarmert av stein, iallfall ikkje i så store mengder. Kva i alle dagar er det som gjer at folk, for eksempel frå Otta, absolutt skal reise til Rondane? Det kan ikkje berre vera for å samle 2000-metringar? Det som sjarmerte meg mest var den fine utsikten mot Jotunheimen og Mugkampen. Eg vart gripi av relativt voldsom heimlengt - tenk så nære, men likevel så langt unna. Eg som hadde sett fram til å sjå fjellet i haustfarger, fekk ikkje sjå anna enn grått på grått, med litt innslag av grågrønt der steinen var farga av mose. Eg vart reint vonbroten der eg gjekk med nye fjellsko.

Men så sette eg meg ned for å sjå bileta frå turen, og forutan dei ca 40 bileta av utsikten mot Vakkerdalen og Jotunheimen, så har eg nokre bilete av eit fascinerande landskap med fjell som verkar urørde av menneskjelege vesen. Det er reint så ein blir gripi av trang til å overvinne desse toppane, der dei ruvar i landskapet og lokkar oss inn i ulykka. Kanskje eg skal gje desse Rondane ei sjanse til? Iallfall må eg vel det nå som eg har begynt å samle på 2000-metringar. Eg veit ikkje heilt kor mange toppar over 2000 meter som finst i Norge, men eg trur nok det er fleire enn fem. Og da kan Rondane vera ein fin plass å begynne, spesielt sidan eg til tider bur i nabolaget. Først må eg vel forresten bli ferdig med alle toppane i boka "2000-meters topper mellom Gjende og Bygdin" som eg fekk av far til jul. Han har skjønt at eg er ein friskus. Så det blir nok fleire turar til denne steinørkenen likevel. Og om vinteren er alle kattar kvite, som kjend, så da er ikkje skilnaden så stor mellom kong Salomo og Jørgen Hattemaker, eller Jotunheimen og Rondane som eg likar å kalle dei, utan å dra inn så mange fleire upassande og lite treffande flokslar.

Kanskje eg skal bestige Storronden allereie nå i haustferien, sidan eg, i motsetnad til den maskuline delen av turfølgjet, ikkje orka tre toppar på ein dag. Og så kan eg ta Storsmeden og Veslesmeden i same slengen, dei var vel ikkje så langt unna. Og Trolltinden og Digerronden, og Midtronden og Høgronden og kva dei heiter alle saman. Dei berre ligg der på rad og rekke, eit steinkast frå kvarandre, og ber om å bli bestege. Eg kan nesten ikkje vente...

6 Comments:

Blogger austsida said...

huff, guri og eg var der i fjor, eg trudde vi skulle klikke og/eller dø. tærne mine vart ikkje normale før i februar, etter å ha blitt klemt mellom steinane i ura. ugh. men alle var einige om at var fint å ha vore der.

1:50 AM  
Anonymous Anonymous said...

Hah, eg stiller meg ikkje bak det, altså. Turen var tung, men kjempefin!!! Neste gong går vi kanskje ikkje ned på issida eller med tung sekk, men... Vi var i Snøhettaområdet i sommar - tenkte på deg, Helga! Vi må gå opp på ein topp alle saman ein gong :)

9:49 AM  
Blogger Helga said...

Ja, vi må ha felles topptur! Med Besseggen-skoa våre! Må ta ein 2000-meters topp som ingen av oss har vore på.

6:58 AM  
Blogger austsida said...

Ja, no har jo tærne mine blitt normale att. Eg foreslår at vi reknar enormt lang tid til turen, at vi har med oss nesten tomme sekkar og at vi ikkje snakkar med folk i trange sportbuksar som kjem joggande forbi, om kor langt det er att. Vi blir lurt kvar gong.

3:37 PM  
Anonymous Anonymous said...

Hoho, Helga, du er med dette vervet, eller i hvert fall forsøkt vervet, som skribent til neste nummer av Fjellposten. Du kan - eksempelvis - sitte rolig i et hjørne med en kopp kaffe og kåsere laidback over fjellsporternes pretensjoner, mens vi andre diskuterer hva fjellgruppen egentlig er og så videre. Jeg har store forventninger.

5:03 PM  
Anonymous Anonymous said...

Hei.
Visste ikke at du var såååååååååååå crazy etter fjell. Merkelig at du ikke ble sjarmert av den norske steinen da. Som trøst skal du (neste gang jeg/Yuri treffer deg) få en stein fra Føroyene. En noe stygg, men spesiell. Flotte bilder du har!
Ciao ciao ciao
Siri Ann

8:52 AM  

Post a Comment

<< Home