Tuesday, August 08, 2006

Ein gemyttleg verdsborgar

Eg sit i godstolen og skal skrive oppgåve. Den første av slik omtrent 13 oppgåver som skal skrivast i haust før eg endeleg får ein fin tittel som kan stå under namnet mitt i telefonkatalogen. Det er i slike oppgåveskrivingstider at ein verkeleg får utforska alt det spennande intern-nettet har å by på. I dag kom eg eigentleg ikkje lenger enn til første post: GD. Her fann eg til mi store glede ut at Dennis Storhøi blir den nye Peer Gynt i forestillinga ved Gålåvatnet, noko som sjølvsagt betyr at eg må dit så fort som mogleg, det vil seie neste august. Dessverre er det ingen som deler gleda mi. Det entusiastiske svaret frå mor då eg i begeistringa sendte melding om at vi måtte til Gålåvatnet neste år, var "Du mena dæ". Eg bryr meg ikkje så mykje om det. Eg kjem til å kaste meg på telefonen den 2. oktober for å bestille billettar til denne fantastiske forestillinga som sikkert har vorte enda betre sidan eg såg ho for slik omtrent 13 år sidan. Dessutan er Peer Gynt å rekne som pensum for ein norsklærar in spe, noko som omtrent tvingar meg til å sjå det eg kan av Dennis Storhøi. Eller Peer Gynt, meiner eg.

Men ikkje nok med det. Medan eg sat og las GD og heimlengten reiv og sleit i meg, så oppdaga eg ein annan gledeleg ting: Helten min (framleis Dennis, altså) spelar i forestillinga Peer Gynt - Verdensborger av Gemytt som går på Centralteatret i slutten av august. Gleda ville ingen ende ta da eg, etter å ha trykt på link etter link, til slutt hadde fått to billettar til stevnemøte med Dennis 24. august. Kristine, som endeleg skal flytte til Oslo, skal få vera med. Vi har fått plassar rett ved scena, slik at vi kan ta han med oss heim dersom det skulle bli aktuelt. Eg gler meg.

For ordens skuld, det er ikkje eg som har teke dei fine bileta. Fotografen kjenner eg ikkje, men eg har frekt stole dei frå www.kjentfolk.no og www.peergynt.no. Håpet er at eg etter kvart kan legge ut heimelaga bilete av både Dennis og Gålåvatnet. Dæ vøre fint.

6 Comments:

Blogger Anita said...

In bocca al lupo! Magari sei fortunata!

3:59 AM  
Blogger Helga said...

Eg veit eg veit! Han er nesten like stor helt som Zizou...

4:48 AM  
Anonymous Anonymous said...

Staut kar. Definitivt :D

8:08 AM  
Blogger austsida said...

Helga, eg visste ikkje at du hadde blogg! Så fantastisk! No skal eg følgje med livet ditt!

10:47 AM  
Blogger Helga said...

IJ! Så triveleg! Nå skal eg jammen følgje med på livet ditt også! Vi har da prikk lik blogg!

12:47 PM  
Anonymous Anonymous said...

Du har kanskje fått med deg at Dennis har måttet avlyse på grunn av kneet sitt, som han må operere når han er ferdig med Spellemann på taket.

Synd når du hadde tenkt deg dit. :/

www.aftenposten.no/kul_und/article1814395.ece

5:03 PM  

Post a Comment

<< Home