Wednesday, November 01, 2006

Borte vekk

Forelesingsnotat nordisk grunnfag NTNU 4. september 2002: Norrøn litteratur, Eddadikting, Voluspå.

Forelesingsnotat nordisk grunnfag NTNU 11. september 2002: Romantikken, ca 1800-1850.

Mikroskopisk hybel 1. november 2006: Norsklærar in spe førebur fagdag om Renessansen, Barokken og Klassisismen. Periodene Gud gløymde og NTNU aldri hadde høyrt om. Norsklærar in spe riv seg i det imaginære håret. Korleis skal norsklærar in spe lære bort noko om Nordlands Trompet og Erasmus Montanus nå. Norsklærar in spe har det travelt, og bibliotek er stengt. Norsklærar in spe har nettopp forstått omgrepa "sjølvstudium" og "ansvar for eiga læring".

Oppdatering 4. desember: Hurra! Etter lang leiting i tjukk perm har eg endeleg funne både Petter, Dorothe og Ludvig. Unnskyld, NTNU! Eg skal aldri meir tvile på deg, men heller lage eit kronologisk system i tjukk perm.

1 Comments:

Blogger austsida said...

hadde det ikkje vore for at mine notatar heller ikkje er på denne jorda lenger, skulle eg hjulpe deg. lukke til!

12:16 PM  

Post a Comment

<< Home