Wednesday, August 30, 2006

Kirnrsaktmp

I dag har eg vore hjå kirnrsaktmp. Det minner meg på at neste gong eg kjøper mobiltelefon, så skal eg sjekke at ein kan legge til ord i ordlista. Kusine er eit anna ord mobilen min ikkje forstår. Kanskje eg snart kan kjøpe ny mobiltelefon, sidan eg nå skal bli telenorkunde, og dei sikkert har mykje større utval av telefonar enn Chess. Eg, mor, far og Øyvind skal nemleg bli ein familie med familieabonnement som gjer at vi kan ringje gratis til kvarandre. Mobilen min er over tre år gamal og snart moden for utskifting. Dessutan fekk han blåbærbiola over seg for ei lita stund sidan, og knappen øvst til venstre har ikkje vore seg sjølv sidan. Iallfall var det triveleg hjå kirnrsaktmp, han braut litt på meg og det knakk eit par plassar. Eg håpar på å bli god som ny etter nokre fleire knekk. Dessutan skal eg bli flinkare til å drikke vatn og ete sunt og trene. Eg har kjøpt meg ei flott, rosa vannflaske i dag. Eit fint bilete hadde vore på sin plass, men det kjem kanskje seinare.

Oppdatering 10. september: her kjem eit fantastisk flott bilete av den strålande rosa flaska mi saman med den gode venen sin, turkis termos. Dei har vore på tur i Rondane, og begge tykte det var ein ypperleg tur!

5 Comments:

Blogger Anita said...

Du har laga deg forsett som om hausten var sjølvaste nyåret! Eg ønsker meg rosa vatnflaske! Nyt kirnrsaktmp, bella!

1:46 PM  
Blogger Helga said...

Berre 49 kr på Sportshuset. Nå har eg allereie drukke ein halvliter, og klokka er berre 10! Gler meg til å sjå deg i Oslo om ikkje så lenge!

1:18 AM  
Anonymous Anonymous said...

Hei. Fin blogg! Eg har også laga ein blogg på berrebok.blogspot.com. Har sjølvsagt linka til deg :)

7:24 AM  
Blogger Anita said...

This comment has been removed by a blog administrator.

10:59 AM  
Blogger Anita said...

Då skal eg jammen gå å kjøpa meg ei slik rosa flaske når eg er i Oslo, det er jo nesten litt for kort tid til...histoira om etruskarane, Dante, fasismen og ALT det andre har ikkje fått festa seg endå...

11:00 AM  

Post a Comment

<< Home