Friday, October 27, 2006

Standhaftig som berre det

Eg prøvde å ha ein standhaftig haust. Eg prøvde å bli ein standhaftig person, ein person som tek avgjerder og står ved dei. Eg har ikkje vore så flink til det fram til nå, men i haust skulle det altså skje. Det starta med at eg tok permisjon frå koret, fordi eg var sikker på at hausten kom til å bli altfor travel nok utan kor. Hausten var altfor travel utan kor, men likevel gjekk det ikkje meir enn tre veker ut i semesteret før eg plutseleg fann meg sjølv på korøving. Eg forstår ikkje heilt kva som skjedde, men eg kan hugse heimvegen etter ein lang dag på lesesalen, der (peikar attende på "heimvegen", ikkje "lesesalen") eg plutseleg møter den eine trivlege jenta etter den andre. Og alle seier: Helga, nå må du bli med att i koret, men eg seier: Nei, eg har det så travelt. Slik går det nokre meter til, før eg plutseleg møter ei gamal TKS-venninne som har begynt i Oslo. Eg trur det må vera da eg snur; utan noter og mat i magen sit eg plutseleg på korøving att. Men triveleg er det, om eg har aldri så dårleg tid.

Eg meiner også at eg er standhaftig på dialektbruken. Her skal det ikkje vera noko knoting, folk må jammen lære seg kva både lugum, attgløyme og sjoholo betyr. Dette har eg vore flink til (bortsett frå eit par utskeielsar på turistinformasjonen) heilt til eg nå ein dag skulle undervise nokre utvekslingselevar i norsk. Da fann eg ut at det var på tide å moderere seg litt. Heile verda treng ikkje lære heidøl heller. Men eg må seie det er stor skilnad på å moderere seg litt og å konvertere til snobbete vestkantdame på 80 år. For her dreg 1 stk jente, type standhaftig, på med "Har dere fått boken?" BOKEN! Prat om to ytterpunkt! Frå det litt uforståelege "bokjé" til det überkonservative "boken". BokEN. Kva med å prøve mellomtingen "boka" først, for eksempel. Eg har alltid sett på meg sjølv som ein traust og ekte døl, men jammen bur det ei skapfrognerfrue i meg. Kva blir det neste? Snehulen?

Wednesday, October 11, 2006

Sjukt-sjukt!

Det er omtrent to timar sidan eit småfly kræsja inn i ein skyskraper i New York. For omtrent ein halvtime sidan sa dei på CNN at dei truleg visste kven piloten var, ein kjend baseballspelar. For ti minuttar sidan kunne eg lesa følgjande på Wikipedia: "Cory Fulton Lidle (March 22, 1972 - October 11, 2006) was a Major League Baseball pitcher. He played for the New York Yankees. He is believed to have died on October 11, 2006, during an accident in which his registered airplane crashed into a residential New York City building". Dette er skummelt, ekkelt og sjukt! Tenk at ein eller annan sjuk person går inn og noterer dette på Wikipedia som om det skulle vera ei historisk hending, type "John Lennon vart myrda da og da", før dei døde personane er identifiserte. Det er da heilt grotesk! Ingen har gått offisielt ut med namna på dei døde, pårørande er ikkje varsla, ingen veit om det verkeleg var han som køyrde flyet, men likevel er altså dødsdatoen hans notert i "leksikon". For ei grotesk verd. Det sjukaste av alt er vel eigentleg at eg finn på å google denne baseballstjerna. Sjuke folk...