Thursday, July 12, 2007

Nytt hår - nye moglegheiter

I dag har eg fått nytt hår. Heilt nytt og nesten ubrukt. Eg måtte kjøpe nokon andre sitt hår, sidan eg ikkje hadde så veldig mykje sjølv. Nå har eg fått limt på ein hårtust midt på hovudet, og det ser heilt ekte ut. Det er ikkje akkurat som gamaldags tupé, eg er rett og slett ganske imponert over kva dei får til for tida.

Dagen starta kl. 07.55 på Apollo hårsenter i Vika. Først var det sminking, sidan bileta av meg skal brukast på nettsida deira. Deretter vart det hårvask, før håret eg hadde på øvst på hovudet vart barbert vekk. Eg hadde grudd meg til akkurat dette på førehand, men det gjekk veldig bra og var mest komisk, sidan eg plutseleg såg ut som ein middelaldermunk. Dette er noko eg må bli vant til, sidan det skal gjerast omtrent ein gong i månaden så lenge eg brukar hårerstatning.

Etter kvart kom det både journalist og fotograf frå eit vekeblad som skal lage reportasje om håravfall. Dei tok bilete og intervjua meg, og eg kjende meg reint som ei stor stjerne. Etter barberinga vart det nye erstatningshåret limt på, og til slutt vart det klypt til og "blanda" med mitt eige hår for at det skal sjå mest mogleg naturleg ut. Farga var iallfall den same; kledeleg kommunegrå er vel den rette karakteristikken både på det gamle og det nye håret.

Nå skal eg gå med dette ein månad, før eg skal inn til den nye, faste frisøren min for å barbere av og lime på nytt igjen. Og sånn går no dagan. Billig er det ikkje, men når eg tenkjer på alle pengane eg sparer på å ikkje røykje og køyre bil, så blir eg ikkje så veldig stressa. Berre litt.

Nå blir det spennande å sjå korleis håret ser ut i morgon tidleg etter at eg har sove på det ei natt, korleis det vil sjå ut når det blir vått, når det bles, når eg har gått med lue ein heil dag og når det er fullt av snø. Det blir også spennande å møte vennar, kollegaer og elevar, å sjå kva reaksjonane vil bli. Nokon vil kanskje ikkje legge merkje til at håret mitt har endra seg, nokon vil kanskje sjå det men ikkje seie noko, og nokon vil kanskje spørje om eg har klypt meg. Uansett skal det bli artig å bli kjend med dette nye håret, og det blir morosamt å sjå om eg blir ein ny og betre person av dette eller om endringar utanpå ikkje har så mykje å seie for det som er inni.

Fotografar eg mor og meg.