Monday, July 31, 2006

Arrivederci Roma!

DSCN2035Nå er det jammen slutt. Plutseleg sit eg heime på hybelen og kan berre drøyme om Roma. Slutt på cappuccino hjå kaffemannen som vi aldri fann ut kva heitte, slutt på handleturar på supermercato GS der eg kvar einaste gong lærte ord for mange nyttige ting som pose og småpengar, slutt på heimemiddagar med utsikt til kuppelen på Peterskyrkja, slutt på spaserturar til skulen i 40 varmegrader, slutt på ivrig jakting på Fiat500 og Vespa, slutt på Radio Vaticana som akkompagnerer All Bran-frukosten, slutt på å slå av ein prat med restaurantmennene, slutt på å bli stoppa av asiatiske damer som vil selje sjal ved Peterskyrkja, slutt på lunsj med parmaskinke, pesto og philadelphia på takterrassen på skulen, slutt på ganske mange ting, rett og slett.

Fontana di TreviEg veit ikkje om eg kjem til å sakne alle desse tinga like mykje. Men når eg dreg til Roma neste gong, så vil eg nok gjerne gjera mange av dei same tinga. Sjølv om eg ikkje kasta myntar i Trevi-fontena, så er eg sikker på at eg kjem til å reise attende, og da må eg ha klar ei liste over alt eg skal gjera. Aller først må eg gå på La Vittoria og ete pizza med bresaola, ruccola og parmesan, og kanskje ta ein cappuccino hjå kaffemannen, i omvendt rekkjefølgje sjølvsagt, sidan det ikkje er lov å drikke noko anna enn svart kaffe, til nød ein macchiato, etter kl. 11 om føremiddagen. Så skal eg sjølvsagt henge i Trastevere ein god del. Der skal eg innom Libreria del Cinema , ete macedonia av skogsbær med vaniljeis på La Fonte della Salute i Via Cardinale Marmaggi som vi dessverre ikkje fann før siste veka, gå på Il Boom og prøve jukeboxen, sitja ved fontena utanfor Santa Maria in Trastevere, gå på Bar Calisto og ete sjokoladeis, gå innom dei artige butikkane som eg aldri orka å titte inn i fordi eg var for varm, og ein haug med andre artige ting. Dersom eg er der ein søndagsmorgon, så må eg nok ta ein tur innom marknaden i Porta Portese og deretter ete søndagslunsj på Bibli. Så skal eg også gå til Peterskyrkja klokka sju ein morgon, da er det ikkje så mange andre der som øydelegg høgtidsstemninga. Eg må nok også gå nokre turar att og fram i Via del Governo Vecchio og gå innom Impronta calzature. Ein tur på Obikà på Piazza di Firenze er også obligatorisk, der fekk eg berre vore ein gong, men den fantastiske mozzarellaen dei hadde der var verd ein romatur i seg sjølv. Skal eg rekke over alt dette trur eg jammen at eg treng seks veker til. Eg begynner verkeleg å gle meg til neste gong.

Sunday, July 23, 2006

Gode naboar

Gode naboar er viktig. Når eg blir stor ønskjer eg meg gode naboar som eg kan låne sukker hjå, invitere på kaffe ("kaffe" altså), vatne blomane for når dei er på ferie og gå på butikken for når dei er gamle og har gåstol. Sjølvsagt vil eg også at dei gode naboane skal gjere det same for meg når eg endeleg, etter mykje venting og purring på hjelpemiddelsentralen, skal få gåstol.

Claudio - venen vårVi har fått veldig gode naboar i Roma. På stamrestauranten La Vittoria har vi Claudio, restaurantvenen vår som har begynt å klage over kollegaene og dei andre gjestane til oss. Claudio er nok den aller beste venen vår, han er den einaste vi veit namnet på, og han ba oss faktisk om å koma for å ete ein siste middag før dei skulle stenge for sommaren. Ein ekte ven, altså. Det betyr forresten at det nå er slutt på fantastisk god pizza med bresaola, parmesan og ruccola, saltimbocca med grilla melanzane og zucchine (aubergine og squash, veldig godt!) og alt det andre gode dei har på menyen. Vonleg er Claudio framleis der neste gong vi kjem til Roma.

Kaffevenen vårKaffemannen og brøddama er dei næraste naboane våre. Kaffemannen veit kva vi skal ha når vi kjem. Due caffé e due cappuccini. Kanskje til og med ein pasticceria i blant, når vi ikkje har lyst på All Bran. Kaffemannen er smørblid kvar einaste gong, spesielt da Italia vann fotball-VM for ei lita stund sidan. Da hadde både han og kona på seg blå Italia-skjorter. Brøddama, som eigentleg ofte er ein brødmann, stolar så mykje på oss at ho, ofte han, let oss få handle på kreditt dersom vi ikkje har småpengar, eller spicci som det heiter her. Domani seier ho når eg kjem med ein 20-seddel. Det hastar ikkje før i morgon. I dag var Kristin inne hjå brødmannen, som altså da var ein brødmann, og da sa han, før ho fekk sagt noko, "quattro panini sesami?". Brødmannen har altså lært seg at vi er fire personar som kvar dag et kvar vår panino (heretter skal eg aldri meir seie "ein panini") med sesamfrø. Dessverre skulle ikkje Kristin ha quattro panini sesami i dag, sidan vi hadde med oss restar frå middagen i går til skulen, og dermed ikkje hadde bruk for sesampanini. Litt synd, men vi får ta det att i morgon.

Eit par naboar som vi ikkje har så mykje utstand med, er dama på Frutteria og dama på Lavanderia. Dama på Frutteria, der Tølløv kjøper øl og vatn nokre gonger for dagen, har endeleg smelta. Nemnde sambuar var stolt som ein hane da han for eit par dagar sidan kunne fortelje at ho hadde smilt til han. Ikkje berre eit grin som ho hadde prestert før, men eit ekte, hjarteleg smil. Kanskje fordi ho etter kvart har forstått at ho tjener eit lass med gryn på denne ølhunden, og dermed bør halde seg inne med han. Dama på Lavanderia, der vi vaskar kleda våre, sa at vi var for pene til å vera tyskarar. (Forresten sa ho det ikkje til meg, sidan eg ikkje var med den dagen, så eg veit eigentleg ikkje om eg høyrer inn under den kategorien.) Det var veldig fint sagt.

Det er komisk å sjå kor mange naboar eg er på hels med etter ein månad her, i forhold til kor mange eg slår av ein prat med etter fire månader i Oslo. Trur forholdet kanskje er 1:7 i Roma sitt favør. Kanskje eg må begynne å helse på dei som arbeider på Kiwi og 7-eleven når eg kjem heim til Alexander Kiellands plass. Da kan eg kanskje etter kvart låne sukker av dei også. Dæ vøre fint.

Tuesday, July 18, 2006

Endeleg vaksen!

Akkurat da eg skreiv tittelen innsåg eg kor langt frå sanninga eg er. Grunnen til at eg hevdar å ha vorte vaksen, er at eg har begynt å like blåmuggost, nærare bestemt Gorgonzola. Men når ein først likar ein type blåmuggost så likar ein sikkert alle dei andre også. Det å like blåmuggost må vera sjølve nøkkelen til vaksenlivet, trur eg. Frå første gongen eg var i Frankrike, for åtte år sidan, så har eg lært meg til å like andre ostar enn raudost og kvitost. Det var berre blåmuggosten som stod att på lista, og han kunne eg krysse av for eit par veker sidan da eg åt ost med Oste-Kristin. Frå før har eg såvidt klart å ete blåmuggost i pizza og pastasaus, men aldri "rå" utan anna tilbehør. Plutseleg skjedde det berre, eg prøvde ikkje å like han og hadde ikkje ein gong planlagt at det skulle skje. Det var rett og slett ei "ein gong i livet"-oppleving, ein slik augneblink som aldri kjem att. Noko som kan verke som ein bagatell i den store samanhengen, men som likevel kjem til å skape store omveltningar i kvardagen min. Tenk berre på alt eg kan lage til middag når eg skal slå meg laus på det store kjøkkenet mitt. Det blir rett og slett eit nytt kapittel i livet.

Grunnen til at eg likevel tvilar på om eg endeleg er vaksen, er at eg ikkje likar kaffe. Eg kan rett og slett ikkje forstå folk som må drikke svart kaffe fleire gonger om dagen og som i tillegg synest det er godt. Eg kan strekkje meg så langt som å seie at cappuccino og caffè latte er godt (med mykje brunt sukker), og her om kvelden drakk eg til og med caffè macchiato på stamrestauranten vår "La Vittoria". Med mykje sukker. Men frå der og til å bli avhengig av svart kaffe er det ein veldig lang veg, og det er ein veg eg rett og slett ikkje veit om eg vil gå. Til far si store sorg, dessverre. Heime i Vakkerdalen blir ein ikkje rekna som vaksen dersom ein ikkje drikk kaffe utan mjølk og sukker. Dersom eg har tenkt å flytte heim når eg blir 70 år, så vil framleis folk sjå på meg som ein tenåring, i verste fall. Men det er kanskje prisen ein må betale for å ikkje få brune fingre og røykhoste. Eller kva ein nå får av for mykje kaffe. Eg kjenner meg iallfall veldig vaksen om dagen. Ansvarsfull og seriøs i Roma.

Thursday, July 13, 2006

Kulturveke

Dersom Jan Erik Wold hadde skrivi "Kulturuke" på nynorsk, så hadde han fått ein ekstra bokstav å rutte med, og han kunne laga eit mykje lenger dikt. V er ein bokstav som kan brukast i veldig mange fine ord, mellom anna "ven", "vakker" og "vedunderleg".

Eg har hatt ei kulturell veke, iallfall to dagar, og i går såg eg noko som var både vent, vakkert og vedunderleg: den fantastiske ballettforestillinga "Don Quijote", eller "Don Chisciotte" som han visstnok heiter på italiensk, med Ballet Concierto og den store stjerna Iñaki Urlezaga. Eg har aldri høyrt om han før, men det kan ha noko med at eg ikkje er oppdatert på ballett. Det skal eg sjølvsagt gjere noko med frå nå.

Men ikkje nok med det, dagen før var eg på ein diger utekonsert utanfor Roma sentrum, omtrent ved flyplassen Ciampino verka det som, iallfall om ein skal dømme etter kor nære vi var ved å kunne ta på flya som flaug over oss. Hovudtrekkplasteret på denne konserten var vesle, nusselege Manu Chao, han var rett og slett bitteliten, men vi fekk også med oss ein voldsomt engasjert sigøynerartist eller kva han nå var, ikkje lett å seie, men gruppa heiter Gogol Bordello og kan sjåast både i Stockholm og Göteborg om ikkje så lenge. Kan absolutt anbefalast, har aldri sett så mykje energi samla på ei scene. Eg fekk også stor sans for det italienske reggaebandet Working Vibes som opna heile konserten.

Nå har eg iallfall endeleg vore litt kulturell i Roma, etter tre veker som berre har dunsta bort i ukulturelle ting som eg ikkje kan hugse. Forresten er vel mat rekna som kultur, og da har eg vel vore kulturell stort sett heile tida. I kveld skal eg faktisk på ny danseforestiling, eg og Ida held ut to dagar på rad når vi først har begynt å bli kulturelle.

Monday, July 10, 2006

Sorg og smerte!

For ein sorgens dag! Zizou, kva tenkte du på? Dette er heilt ubegripeleg, rett og slett inafferrabile, eit ord eg ironisk nok heilt tilfeldig lærte i dag. Eg forstår ingenting, alt er berre trist og grått. At den største av dei alle (heilt objektivt sett...) skulle forlate grasmatta for siste gong på ein slik måte, det er meir enn eg kan bera. Han skulle gått ut med hovudet høgt rett før slutt, med vissheita om at han var best i verda, han skulle fått ståande applaus frå både franske og italienske supporterar og frå alle andre. Det hjelp litt å høyre at Materazzi blir omtala som farlegare enn ein psykopat med øks. Det hjelp også å sjå at Zizou smiler i dag. For meg kjem han uansett alltid til å vera den aller største.

Sunday, July 09, 2006

Allez Les Bleus!

I dag skal det avgjerast. Kven er den beste fotballnasjonen i verda. Blir det Les Bleus eller blir det Gli Azzurri. Ein ting er iallfall sikkert, og det er at det ikkje blir Drillos i år heller.

Eg kjenner meg delt i to. Hjarta mitt bankar blått, kvitt og raudt. Under semifinalen for nokre dagar sidan kom minna strøymande på frå sommaren 1998. Først forsto ingen kva som var i vente, men Frankrike vann kamp etter kamp, og det begynte etter kvart å gå opp for folk kva som heldt på å skje. Fotball vart plutseleg den nye nasjonalidretten i Frankrike. Til og med franske damer såg på fotball. Aimé Jacquet var den store helten, Zidane var kongen. Eg hugsar dei alle saman. Thuram scora sine to første landslagsmål i semifinalen. Ingen skjønte noko, aller minst han sjølv. Laurent Blanc kyssa Fabien Barthez på det glattbarberte hovudet før kvar kamp. Didier Deschamps hadde Bayonne-dialekt. Christophe Dugarry og Bixente Lizarazu hadde spelt på Girondins de Bordeaux. Thierry Henry var ung og talentfull. Emmanuel Petit var stor, flott og blond som ein viking. Eg hugsar 12. juli, 3-0 over Brasil i finalen. Et un, et deux, et trois zero. Les Bleus var dei store heltane, og l'Hexagone kokte to dagar før den eigentlege nasjonaldagen. Jacques Chirac kyssa Fabien Barthez på det glattbarberte hovudet. Alt handla om fotball.

Nå er det i Italia det skjer. Ingen hadde visst noko på førehand her heller. Plutseleg hadde Gli Azzurri gått vidare etter innleiande runder, og den eine delfinalen etter den andre endte opp med eit Roma fullt av tutande bilar og skuterar med enorme italienske flagg. Håpet er ljosegrønt, kvitt og raudt. Il Tricolore vaiar overalt, og i går kom flagget opp på balkongen vår også. VM-feberen herjar. Tølløv og Silje har kjøpt seg blå Italia-skjorter, og til og med Kristin kan skryte på seg å ha sett sin aller første heile fotballkamp. (Sjølv om eit avslørande bilete kan tyde på at det berre er halve sanninga.) "Forza Italia" sa restaurantvenen vår til meg i dag då eg gjekk forbi. "Si si, Forza Italia" sa eg og kjende meg som Judas. Eg har sjølvsagt egoistiske motiv for å ønskje at Italia skal bli verdsmeistrar. Da vil natt til 10. juli 2006 bli ein fest vi aldri kjem til å gløyme, og som vi kan fortelje barnebarna om når den tida kjem. Men eg har framleis Frankrike i hjarta, hovudet, magen og føtene. Her eg sit nå synest eg det er artig med eit italiensk flagg på balkongen, og eg kunne nesten tenkt meg ei blå T-skjorte med Italia på. Men eg veit at når kvelden kjem, Zizou dukkar opp på skjermen og Marseillaisen rungar, da kjem det ikkje til å vera nokon tvil om kven eg unnar seieren mest.

Wednesday, July 05, 2006

Amor


Amor blir Roma baklengs, og eg er altså i Roma. Det er her eg har møtt Amor. Altså kjærleiken. I Roma. Kjærleiken til Roma er det vel eigentleg eg har møtt. Eg har aldri likt ein storby så godt som eg likar Roma. Eg har ikkje vore her så lenge, men eg trur det måtte vera kjærleik ved første augekast. Det skjedde den første gongen eg såg utsikten over Roma frå takterrassen på instituttet vårt. Eg er eigentleg ingen storbyperson, sjølv om eg er veldig glad i Oslo. Men så er vel Oslo heller ingen storby.

Grunnen til at eg er i Roma har å gjere med at eg aldri kan slutte å studere. Nå vil Lånekassen snart hindre meg i dette, og da må eg ta sommaren til hjelp. Derfor blir det lite pengar inn og mykje pengar ut denne sommaren. Det tek eg med ei stor klype salt, sidan eg trur ein får dei beste minna av pengar ut. I sommar skal eg ta 20 studiepoeng i italiensk språk og kultur, og dette skjer med eit intensivt kurs på seks veker i Roma. Det kunne ikkje vore betre, rett og slett. I tillegg til alt eg visste på forhånd, som varmt ver, Colosseum og Basilica San Pietro, så har dette opphaldet også bydd på eit veldig bra kurs, ein spennande bydel som heiter Trastevere, mange trivlege medstudentar, og ikkje minst tre flotte sambuarar som kan lage mat! Det er kanskje noko av det beste med heile opphaldet. Det er nesten for godt til å vera sant, og eg klyp meg i armen kvar gong eg går i butikken med nokon som kan lukte og klemme på matvarene for å finne ut om dei er bra. I tillegg har vi utsikt til kuppelen på Basilica San Pietro frå balkongen vår, noko min kjære romkamerat synest er ein stor klisjé men som eg synest er flott og heilt på sin plass. Det er ingen vits å bu i Roma dersom ein ikkje kan vinke til paven når det passar seg. Nye oppdateringar vil koma frå denne vakre byen som eg nå har kjent i 17 dagar.

Blogging2

Dette er veldig spennande! Nå har eg hatt blogg i 10 minutt, og har allereie oppdaga ei ny verd. Det kan ha noko med at eg aldri har laga heimeside før, og på den måten aldri har sett kva for store moglegheiter dette intern-nettet har. Det er ikkje det at eg trudde intern-nett var ei døgnfluge, men eg har nok aldri heilt sett meg inn i korleis ting fungerte. Det ser veldig enkelt ut... Det beste er kanskje at eg får utløp for skrivekløen eg iblant har og som sjeldan kjem til uttrykk. Eg kan aldri bli forfattar, sidan eg ikkje har nok fantasi og kreativitet til å skrive ei heil bok, eller kanskje problemet er at eg ville bli lei av romanen før eg var halvferdig, sidan eg ikkje er så flink til å gå fullt og heilt inn for ein ting, men nå har eg iallfall løyst problemet ved å bli bloggar. Etter kvart skal eg finne eit fint norsk ord for det eg nå er.

Blogging

Akkurat nå har eg begynt å blogge. Inspirert av mine nye venninner Kristin og Anita. Eg veit ikkje kor lenge det kjem til å vare. Kristin er så dreven innan blogging at ho har fått jobb på grunn av det. Hovudjaga kan ein vel seie på nynorsk. Eg har eigentleg aldri visst kva ein blogg var før eg møtte Kristin, men det kan sjå ut som om det er ein mellomting mellom heimeside og dagbok. Eg trur ikkje dette blir ei veldig personleg dagbok, men det er kanskje ein betre ting enn å sende ein upersonleg fellesmail.