Saturday, November 18, 2006

Laetitia 30 år!


Ma petite Laetitia chérie de mon coeur fyller 30 år i dag! Hurra for den nusselegaste, raraste, søtaste, snillaste, artigaste, snålaste, mjukaste autisten i verda! Eg skulle gjerne ha feira saman med deg i dag, men slik vart det ikkje. Håpar du har ein fin dag og at alle gjer det du vil, om det så er å smørje mercurochrome på hendene dine, køyre deg rundt i Biarritz i timesvis eller gjera gymnastiske øvingar på golvet. Eg håpar vi møtest att snart! Joyeux anniversaire, ma chérie d'amour!

Monday, November 13, 2006

Nerd

Eg har nettopp funne ut at det eg ønskjer meg mest av alt til jul, er Nynorskordboka, den store, raude som kostar 498,- kroner. Heller eit eksemplar av Nynorskordboka i hylla enn ein Dennis Storhøi på scena. Sidan den gamle, gule snart er like gamal som sykkelen min, og ho berre inneheld 35000 ord og ingen definisjonar, så er det på tide med fornying. Særleg sidan norsklærar in spe blir til norsklærar om berre ei veke.

Det dumme er at i staden for å ringe heim til mor med ein gong (eller kanskje ikkje med ein gong, sidan klokka nærmar seg langt på natt midt i veka) og fortelje kva eg ønskjer meg til jul, så kjem eg heller til å gå til bokhandelen så fort eg vaknar i morgon, for å sikre meg eit prakteksemplar. Det er det dumme med å bli stor; pengane er der, ein treng ikkje spare til nokon ting. Iallfall ikkje til småting som ei lita, nusseleg ordbok med raude, blanke permar. Det er berre såvidt eg kan vente. Det finst vel ingen nattopne bokhandlar i Stor-Oslo?

Wednesday, November 01, 2006

Borte vekk

Forelesingsnotat nordisk grunnfag NTNU 4. september 2002: Norrøn litteratur, Eddadikting, Voluspå.

Forelesingsnotat nordisk grunnfag NTNU 11. september 2002: Romantikken, ca 1800-1850.

Mikroskopisk hybel 1. november 2006: Norsklærar in spe førebur fagdag om Renessansen, Barokken og Klassisismen. Periodene Gud gløymde og NTNU aldri hadde høyrt om. Norsklærar in spe riv seg i det imaginære håret. Korleis skal norsklærar in spe lære bort noko om Nordlands Trompet og Erasmus Montanus nå. Norsklærar in spe har det travelt, og bibliotek er stengt. Norsklærar in spe har nettopp forstått omgrepa "sjølvstudium" og "ansvar for eiga læring".

Oppdatering 4. desember: Hurra! Etter lang leiting i tjukk perm har eg endeleg funne både Petter, Dorothe og Ludvig. Unnskyld, NTNU! Eg skal aldri meir tvile på deg, men heller lage eit kronologisk system i tjukk perm.