Tuesday, February 20, 2007

Å dra alle gjennom ein kam

Dersom ein søkjer på "alle * en kam" i Google, vil ein få opp alle variantane folk klarer å finne på av det vanskelege uttrykket "å skjære alle over ein kam". Kan anbefalast! Ein annan nerdeting som er artig, er å lage ei liste over fine og morosame orddelingsfeil. Det aller beste er faktisk å ha ei slik fin liste, og kunne bruke henne i undervisning. Snakk om å kunne leva av hobbyen sin!

Monday, February 19, 2007

Likestilling

Da onkel Tor vart fødd i 1946, skreiv bestefar følgjande gledesbodskap i forfallsboka (ei slags type rekneskapsbok der han førde inntekter og utgifter, gardbrukar som han var): "Tora har fått ein gut". Tora var sjølvsagt kona hans, bestemor mi. Under datoen 18. oktober 1948, den dagen mor mi vart fødd, kan ein i den gamle forfallsboka lesa: "Purka har fått 13 grisungar".

Det er neimen ikkje alle hendingar som er like viktige.