Wednesday, August 30, 2006

Kirnrsaktmp

I dag har eg vore hjå kirnrsaktmp. Det minner meg på at neste gong eg kjøper mobiltelefon, så skal eg sjekke at ein kan legge til ord i ordlista. Kusine er eit anna ord mobilen min ikkje forstår. Kanskje eg snart kan kjøpe ny mobiltelefon, sidan eg nå skal bli telenorkunde, og dei sikkert har mykje større utval av telefonar enn Chess. Eg, mor, far og Øyvind skal nemleg bli ein familie med familieabonnement som gjer at vi kan ringje gratis til kvarandre. Mobilen min er over tre år gamal og snart moden for utskifting. Dessutan fekk han blåbærbiola over seg for ei lita stund sidan, og knappen øvst til venstre har ikkje vore seg sjølv sidan. Iallfall var det triveleg hjå kirnrsaktmp, han braut litt på meg og det knakk eit par plassar. Eg håpar på å bli god som ny etter nokre fleire knekk. Dessutan skal eg bli flinkare til å drikke vatn og ete sunt og trene. Eg har kjøpt meg ei flott, rosa vannflaske i dag. Eit fint bilete hadde vore på sin plass, men det kjem kanskje seinare.

Oppdatering 10. september: her kjem eit fantastisk flott bilete av den strålande rosa flaska mi saman med den gode venen sin, turkis termos. Dei har vore på tur i Rondane, og begge tykte det var ein ypperleg tur!

Friday, August 25, 2006

Dennis og eg

Dennis såg på meg i går. Han såg meg rett inn i augene og sa "Hi there", medan han halvvegs peikte på meg (iallfall gjorde han eit eller anna kult med handa slik rapparar gjer, han var nemleg midt i ein rap). Her pratar vi altså kontakt, type blikk. Etterpå tenkte eg på alt eg kunne gjort. Eg kunne blunka til han og peikt att på ein kul måte. Eg kunne reist meg opp og vinka til publikum. Eg kunne sunge ein vakker sang. Eg kunne deklamert eit dikt. Eg kunne sagt "Någå gale ha du itte gjort, du min ænaste gut" på fronsdialekt, slik Helga Botn (fornamn neppe tilfeldig) gjorde det så fint ved Gålåvatnet etter å ha venta i hundre år på sin ænaste gut. Det artigaste hadde vore om eg besvimte, slik jenter gjorde på Beatles-konsertar før i tida. Da hadde han kanskje sprunge ned frå scena for å redde meg og ta meg med på sin kvite hest. Ikkje at eg såg nokon kvit hest, men han sto sikkert ved bakdøra og åt havre, kan eg tenkje meg. I staden for å gjere alle desse tinga vart eg rett og slett paff og mållaus. Imponerande.

Thursday, August 10, 2006

Turistens ti bud


Dei fleste folkegrupper burde ha sine ti bud. Ti bud for folk som arbeider på 7-Eleven. Ti bud for folk som syklar i Nordmarka. Ti bud for folk som går med aviser. Ti bud for folk som sel sko. Ti bud for italienske damer som arbeider i klesbutikk. (Det er til dømes veldig dårleg butikk å smelle til med "It's too small!" når norske, passe store jenter kjem ut av eit prøverom...) Og aller viktigast: ti bud for turistar.

Så her kjem altså "Ti bud for turistar" (delvis saksa og litt moderert frå den kjende boka "Gode historier og dumme turister" som dessverre ikkje er å finne i bokhandlar enda):

1. Ver blid og triveleg (sjølv om vi ikkje er det på grunn av alle kollegaene dine som har besøkt oss tidlegare på dagen)
2. Ver sjølvstendig, ikkje spør "What do we HAVE TO see here in Oslo" eller "What are the MOST IMPORTANT things to see here?"
3. Ver førebudd på reisa di. Ikkje begynn med spørsmålet "I don't know ANYTHING about this country! What is there to do?"
4. Ha god ånde og vask deg regelmessig.
5. Ikkje skryt av at Sverige var betre, billegare, trivlegare osv.
6. Ikkje tvil på den informasjonen vi gjev som til dømes "Are you sure bus 30 goes to Bygdøy?" eller "I didn't see the luggage lockers when I went to the train station, are you sure they're there?" Sjølvsagt er vi sikre. Bagasjeoppbevaringsboksar forsvinn ikkje av seg sjølve over natta.
7. Ikkje repeter alt vi seier fleire gonger. Memoriser det heller i hovudet. Lydlaust.
8. Ikkje fortel oss at Norge er dyrt. Vi har høyrt det før og det hadde sikkert du også før du heilt frivillig bestemde deg for å dra hit.
9. Still eitt spørsmål om gongen. Vi har til ein viss grad simultankapasitet, men vi vil gjerne ha tid til å finne svaret på eitt spørsmål før vi blir bombardert med dei ti neste.
10. Ikkje bli sur dersom vi ikkje har svar på alt. Turistinformasjon betyr ikkje at vi kan og veit alt, men at vi kan gje deg informasjon om kor du kan få betre informasjon.

11. Det er ikkje vår feil at butikkane ikkje veit kor du kan få refundert Tax-Free. Ikkje bli sur på oss for at vi ikkje kan refundere når du skal forlate landet med bil eller fly.
12. Ikkje bli sur fordi du har trekt feil kølapp, og ikkje fortel oss at det var dårleg skilting på kølappsystemet. Det er du som ikkje kan lesa.
13. Noko av det aller enklaste du kan gjera i Oslo er å finne Karl Johans gate når du kjem ut frå Trafikanten. Det er enklare enn å finne Royal Christiania og Hotel Opera. Du kan nesten ikkje unngå å finne Karl Johan. Det kan derfor vera lurt å gå ut av Trafikanten for å prøve å finne Karl Johan før du eventuelt plagar oss med ein halvtimes repetering av forklaringa vår på korleis du finn Karl Johan.
14. Lær deg litt om Norge før du kjem. Det tek seks timar med tog mellom Bergen og Oslo, så det er ingen grunn til å tru at du kan sjå ein "pjord" på to timar. Midnattssola er dessutan på ein heilt annan plass enn "the pjords", og er faktisk den same sola du kan sjå om dagen.
15. Dersom du reiser med borna dine, bestill hotellrom før du kjem.

Den oppmerksame lesar vil ha oppdaga at det vart 15 bud. Dessutan finst det også tilleggsbud for turistar av ulike nasjonalitetar:

Tyske turistar:
-Ikkje spør kva for spor Bergensbana går frå om tre dagar. Det er ingen vits. Oslo S er ikkje så stor. Berre møt opp fem minutt før avgang og sjå på den store tavla. Det tek to minutt å gå frå spor 1 til spor 19. Det finst ingen fleire spor eller hemmelege, underjordiske gangar.
-Det er vanleg folkeskikk å spørje om vi kan tysk før de spør om ting. Tysk har ikkje status som verdsspråk og det finst veldig mange, til og med blant turistinformantar, som ikkje har sett verdien av å lære seg tysk.

Asiatiske turistar:
-Slapp av. Verda går ikkje under med det første.
-Ikkje sei Aaaaa.... med nedoverstemme, det høyrest veldig komisk og litt uintelligent ut.

Israelske turistar:
-Hald dykk heime til de har lært dykk folkeskikk. Det er ingen grunn til å ikkje behandle turistinformantane pent.

Amerikanske turistar:
-Uff, her veit eg nesten ikkje kor eg skal starte...

Takknemleg turistHeldigvis finst det veldig mange turistar som kan alle desse buda og nokre til. Ho som senda blomar frå USA for å takke for at ho hadde fått att kamera sitt som ho mista 17. mai, blir aldri gløymt. Heller ikkje det homofile paret som spanderte drink på meg som takk for god hjelp i fjor. Eller det amerikanske ekteparet på 80 år som sa "You just got my smile back" og "You saved our day" da eg bestilte hotellrom for dei i Flåm og teikna kart over Jernbanetorget. Det er desse turistane som gjer jobben verd å gjera.

Tuesday, August 08, 2006

Ein gemyttleg verdsborgar

Eg sit i godstolen og skal skrive oppgåve. Den første av slik omtrent 13 oppgåver som skal skrivast i haust før eg endeleg får ein fin tittel som kan stå under namnet mitt i telefonkatalogen. Det er i slike oppgåveskrivingstider at ein verkeleg får utforska alt det spennande intern-nettet har å by på. I dag kom eg eigentleg ikkje lenger enn til første post: GD. Her fann eg til mi store glede ut at Dennis Storhøi blir den nye Peer Gynt i forestillinga ved Gålåvatnet, noko som sjølvsagt betyr at eg må dit så fort som mogleg, det vil seie neste august. Dessverre er det ingen som deler gleda mi. Det entusiastiske svaret frå mor då eg i begeistringa sendte melding om at vi måtte til Gålåvatnet neste år, var "Du mena dæ". Eg bryr meg ikkje så mykje om det. Eg kjem til å kaste meg på telefonen den 2. oktober for å bestille billettar til denne fantastiske forestillinga som sikkert har vorte enda betre sidan eg såg ho for slik omtrent 13 år sidan. Dessutan er Peer Gynt å rekne som pensum for ein norsklærar in spe, noko som omtrent tvingar meg til å sjå det eg kan av Dennis Storhøi. Eller Peer Gynt, meiner eg.

Men ikkje nok med det. Medan eg sat og las GD og heimlengten reiv og sleit i meg, så oppdaga eg ein annan gledeleg ting: Helten min (framleis Dennis, altså) spelar i forestillinga Peer Gynt - Verdensborger av Gemytt som går på Centralteatret i slutten av august. Gleda ville ingen ende ta da eg, etter å ha trykt på link etter link, til slutt hadde fått to billettar til stevnemøte med Dennis 24. august. Kristine, som endeleg skal flytte til Oslo, skal få vera med. Vi har fått plassar rett ved scena, slik at vi kan ta han med oss heim dersom det skulle bli aktuelt. Eg gler meg.

For ordens skuld, det er ikkje eg som har teke dei fine bileta. Fotografen kjenner eg ikkje, men eg har frekt stole dei frå www.kjentfolk.no og www.peergynt.no. Håpet er at eg etter kvart kan legge ut heimelaga bilete av både Dennis og Gålåvatnet. Dæ vøre fint.