Saturday, September 30, 2006

Draumehuset

Eg ønskjer meg eit hus. Nå. Eg er redd for at eg skal gløyme kva eg ønskjer meg når den tid kjem at eg får råd til å kjøpe meg hus. Derfor må eg lage ei liste over kva huset skal innehalde og utehalde. Først og fremst vil eg ha eit hus med sjarm. Helst eit hus med sjarmerande tømmerstokkar. Minst 100 år gamalt. Over 50 iallfall. Tømmer er vel eigentleg eit må, men det kan eventuelt vera kledd utanpå. Da skal det i såfall vera sørlandskvitt med blaude konsonander, eller sjarmerande raudt med kvite karmar. Sval er viktig, der skal gummiskoa mine stå, og der kan eg setja att paraplyen og henge fjøskleda mine, dersom eg har nokon. Huset skal ha ei etasje og kvist med skråtak. Skråtak er så fint og idyllisk. Eg skal sjølvsagt ha eit idyllisk hus. Gjerne med ein liten balkong utanfor soverommet i andre etasje (altså kvisten) der eg kan gå ut i morgonkåpe og sjå på utsikten. Eg skal sjølvsagt ha utsikt, helst 360 grader mot både fjell og vatn, og lang solgang. Både morgonsol og kveldssol er viktig. Morgonsol på soverommet og kveldssol på verandaen. Badet skal vera stort og varmt, med både dusj og badekar, og kjøkenet skal vera fullt av ljos. Stua skal vera varm og triveleg, med god sofa og lenestol. Katten min skal ligge på ei pute i sofaen. Eg har ikkje heilt bestemt meg for om eg skal ha hund eller ikkje, men eg trur ikkje han får ligge i sofaen. Han må nok vera på vaskerommet. Den store hagen skal vera full av store syrinbuskar, plommetre og andre frukttre. Eg skal også ha eit lite uthus der eg kan parkere ein Fiat Cinquecento og den fine, gamle Vespaen eg skal kjøpe meg. Eg skal nok også ha ein hest i det uthuset, så det bør helst vera litt større enn ein skåle. Fleire krav til hus har eg vel eigentleg ikkje.

Sunday, September 10, 2006

Ørken, type stein

I helga har eg vore på tur med Fjellgruppa til Rondane. Det var ein fantastisk triveleg tur, 11 artige turkameratar, fint ver, og eg fekk nesten dobla rekka mi av 2000-meters toppar. Eg hadde tre frå før, og nå har eg fem. Begge to på ein dag, sidan vi måtte over Vinjeronden for å koma til Rondslottet. Men det som slår meg er: kva i alle dagar er det med desse Rondane? Det er da berre ei einaste stor steinrøys! Eg klarer ikkje heilt å bli sjarmert av stein, iallfall ikkje i så store mengder. Kva i alle dagar er det som gjer at folk, for eksempel frå Otta, absolutt skal reise til Rondane? Det kan ikkje berre vera for å samle 2000-metringar? Det som sjarmerte meg mest var den fine utsikten mot Jotunheimen og Mugkampen. Eg vart gripi av relativt voldsom heimlengt - tenk så nære, men likevel så langt unna. Eg som hadde sett fram til å sjå fjellet i haustfarger, fekk ikkje sjå anna enn grått på grått, med litt innslag av grågrønt der steinen var farga av mose. Eg vart reint vonbroten der eg gjekk med nye fjellsko.

Men så sette eg meg ned for å sjå bileta frå turen, og forutan dei ca 40 bileta av utsikten mot Vakkerdalen og Jotunheimen, så har eg nokre bilete av eit fascinerande landskap med fjell som verkar urørde av menneskjelege vesen. Det er reint så ein blir gripi av trang til å overvinne desse toppane, der dei ruvar i landskapet og lokkar oss inn i ulykka. Kanskje eg skal gje desse Rondane ei sjanse til? Iallfall må eg vel det nå som eg har begynt å samle på 2000-metringar. Eg veit ikkje heilt kor mange toppar over 2000 meter som finst i Norge, men eg trur nok det er fleire enn fem. Og da kan Rondane vera ein fin plass å begynne, spesielt sidan eg til tider bur i nabolaget. Først må eg vel forresten bli ferdig med alle toppane i boka "2000-meters topper mellom Gjende og Bygdin" som eg fekk av far til jul. Han har skjønt at eg er ein friskus. Så det blir nok fleire turar til denne steinørkenen likevel. Og om vinteren er alle kattar kvite, som kjend, så da er ikkje skilnaden så stor mellom kong Salomo og Jørgen Hattemaker, eller Jotunheimen og Rondane som eg likar å kalle dei, utan å dra inn så mange fleire upassande og lite treffande flokslar.

Kanskje eg skal bestige Storronden allereie nå i haustferien, sidan eg, i motsetnad til den maskuline delen av turfølgjet, ikkje orka tre toppar på ein dag. Og så kan eg ta Storsmeden og Veslesmeden i same slengen, dei var vel ikkje så langt unna. Og Trolltinden og Digerronden, og Midtronden og Høgronden og kva dei heiter alle saman. Dei berre ligg der på rad og rekke, eit steinkast frå kvarandre, og ber om å bli bestege. Eg kan nesten ikkje vente...

Thursday, September 07, 2006

Byfrøken

I går prata eg for første gong med ein kar eg har studert med i eit halvår. Han vart veldig overraska over å høyre dialekta mi, for han var sikker på at eg var ei hipp og kul byberte. Dette tykte eg var veldig artig, sidan eg slettes ikkje ser på meg sjølv som ei byberte. Rett nok er eg veldig urban og verdsvant, men eg går ikkje med designklede og høghela sko, ikkje har eg langt, bleika hår og perleøyredobber heller, og dessutan er eg generelt snill og triveleg. (Ikkje for å vera frekk, men når ein kjem frå bygda har ein gjerne ei viss oppfatning av oslofolk som ikkje er udelt positiv.) Som klasseforstandaren min i 9. klasse sa på rim: "O Helga æ ein traust å ekte døl, ei fornuftog jente som tør å vera se sjøl". "Traust" rimar ikkje heilt med "byberte" - eg forstår ingenting. Men eg har prøvd å analysere kva som gjer at eg kan sjå ut som ei byberte, type stum:

1. Eg har kort hår, det er det ingen budeier som har.
2. Eg går ofte med store øyreringar, det er det ingen budeier som gjer.
3. Eg går sjeldan i bunad, det gjer alle budeier.
4. Eg drikk caffè latte, det er det ingen budeier som gjer.

Lenger kjem eg ikkje. Mysteriet er for meg like stort. Tips blir motteke med ovasjonar.