Thursday, December 28, 2006

Julekortløyse

I år har eg ikkje skrivi eit einaste julekort. Heller ikkje i fjor eller året før der eller året før der, trur eg. Forskjellen frå alle år før er at i år hadde eg ikkje ein gong planar om å skrive julekort. Eg innsåg rett og slett ikkje at jula var på veg før ho plutseleg kom over meg med full styrke. Det må nok bety at eg har vorte ei kjerring. Før i tida brukte eg å skrive julekort til heile klassa og læraren. Da var det ingen vits å skrive kva eg hadde gjort i året som gjekk, sidan vi i klassa stort sett hadde full kontroll på kva dei andre hadde drivi med omtrent kvar einaste dag heile året igjennom. Da gjekk det mest i "God jul og godt nyttår frå Helga" eller, dersom eg prøvde å vera kreativ: "Eg ønskjer deg ei hoppande god jul og eit sprettande godt nyttår". Artig og fantasifullt.

Nå om dagen er det mest vanleg å skrive kva familien har gjort i året som gjekk, kor mange utanlandsturar dei har vore på og kor langt ungane har kome i skulegangen. Sidan eg ikkje har ungar, må eg vel skrive kor langt foreldra mine har kome. Mor har på nytt starta i 4. klasse. Far er pensjonist. Dei har stort sett vore rolege i året som gjekk. God jul og godt nyttår.

Eigentleg burde ein vel seie nytt år eller berre år. Nyttår er vel berre fram til 2., til naud 3. januar, og så er nyttår slutt. Eg ønskjer deg ei god tid frå 24. desember til 3. januar, kan ein eigentleg seie da. Resten av året bryr det meg midt i ryggen korleis du har det. God jul og godt kornår eg også ei fin helsing å få, men ikkje så relevant for den som ikkje er kornbonde. God jul og godt år er fint, men kva for år er det eigentleg ein meiner da. Resten av året, kanskje? Det er nok best å vera så nøyaktig som mogleg, slik at det ikkje oppstår misforståingar i julehelsingane. Eg ønskjer deg alt godt for jula og at 2007 skal bli det beste året ditt hittil, både når det gjeld familieliv, jobb, reising, utdanning og andre artige ting. Hjarteleg helsing Helga. Da burde det ikkje bli misforstått.

Saturday, December 16, 2006

Fin tittel

Eg har vore ferdig utdanna i tre dagar. Eg er framleis i sjokk. Etter 8 1/2 år er dette første helga eg ikkje har pensum hengjande over meg. Eg forstår ingenting. Heldigvis hjelp det på abstinensane at eg må bruke helga på å rette heildagsprøver. Dette er rart og meir enn rart. Eg må nok studere litt på si framover våren, slik at overgangen ikkje blir for stor. Nå blir eg nesten stressa av å ikkje vera stressa.

Sunday, December 03, 2006

Ei prinsesse er fødd!

I dag tidleg klokka halv ni kom mitt "tantebarn" nummer fem til verda. Ei lita prinsesse. Ei lita Astrid. Nå kjenner eg altså fem små duppedittar som skal vekse opp, gå på skule, forelske seg, studere, reise, jobbe, få barn og leva livet. Øystein, Ingvild, Oliver, Amalie og Astrid. Flotte barn med dei aller beste foreldra i verda. Heldige barn som kjem til å få gode liv fordi dei har så mange rundt seg som er glade i dei og som berre vil dei godt. Eg er glad for at eg får vera ein del av livet deira, at eg får møte dei og bli kjend med dei. At eg får sjå dei vekse opp og sjå kva for personar dei blir. At eg får lov til å vera "tante" iblant. Eg trur eg kjem til å bli ei relativt snill "tante" som prakkar på dei orddelingsreglar, franske gloser og fornuftige gåver. Og kanskje litt godis nå og da.